Hilde Katrin Bjørneset - Bedriftshelse1
Hilde Katrin Bjørneset, har grunnutdanning Bioingeniør, men har vert det meste av sitt yrkesaktive liv utanfor laboratoria. Av eigeninteresse innan HMS starta eg utdanninga HMS verneingeniør deltid parallelt med at eg jobba som ingeniør offshore for Halliburton. Dette var døropninga inn i en vidare karriere innan HMS fag. Eg har fått god nytte av kompetansen gjennom studiane som prosjektleder ved implementering av kvalitetsstyringssystem interkommunalt og vidare som HMS Verneingeniør i Bedriftshelse1 sidan 2010.
I etableringsfasen med små barn og full jobb så var HMS verneingeniør eit svært godt vidareutdanningstilbod som kunne kombinerast med min livsstil. Desember 2014 fullførte eg studiane med oppgåva «Hinder i HMS rapporteringsystem».
Studiet har gitt meg ny og breiare kompetanse innan HMS fagfeltet. I Bedriftshelse1 dekker eg i dag tenestelevering til våre medlemsbedrifter i Nordfjord og på Sunnmøre i blant anna fagfelta inneklima, støy, kjemikalia, vibrasjonar og HMS system.
Bedriftshelse1 har i dag 60 tilsette og kan nåast på 17 ulike kontor i Sogn og Fjordane og Hordaland. Vi har tenestelevering til 870 bedrifter med 26000 tilsette. Bedriftshelse1 er også tilknytt Trygg1 som er Norges leiande kjede av landsdekkande bedriftshelseteneste med lokal forankring, dette gjør at vi kan levere tenester over hele landet. Eg er stasjonert til avdelinga i Nordfjord. Her er vi et godt tverrfaglig team med sjukepleiarar, fysioterapeutar, lege, HMS - rådgjevarar og psykolog. Å ha et godt tverrfaglig nettverk lokalt meiner eg er nøkkel til å kunne lykkas som bedriftshelseteneste for våre kundar. HMS verneingeniørutdanning har gitt meg en stor styrke med å sjå HMS arbeidet frå et større perspektiv samt å ha god oversikt over ulike HMS områder.
Ved gjennomføring av studiet opplevde eg kvaliteten som veldig god, nokon modular betre enn andre. Bruk av praktisk tilnærming til pensum er en god læringsmetode, samt at ein får gode verktøy som eg har nytta meg av i ettertid. Som student blir man godt ivaretatt, informasjon og organisering av alle moduler har vert svært bra. Gjennom studie har eg møtt mange ulike menneske med ulik bakgrunn og hensikt for gjennomføring av kurset. Dette har gitt mange perspektiv på ulike tema i undervisninga, en god erfaring å ta med seg. Vidare har eg fått bygget meg et godt fagnettverk som eg vil ha nytta av i lang tid framover.